torsdag 23. september 2010

Hausttur med Vågar

Den 8. september drog klassa på tur med skulen sin fembøring; Vågar. Kaptein Odd Arne hadde lagt ruta rundt Langøya, med god tid til stopp på holmer, fiskevær og diverse tettstader. Med på turen var også Anna (andreårselev) og to hundar; Sookie og Mike. Det var ein blid og munter gjeng som segla ut frå brygga i solskinet, med godt mot, mykje mat og tomme minnekort (kamera).

Den fyrste dagen ute på båten innebar mykje sløving, synging og lesing i sola. Lite vind gjorde det vanskeleg å segle, men den fine naturen gjorde opp for skuffelsen dette førte til. Vi overnatta i Trollfjorden, klassa på båten, Odd Arne og Anna i kvart sitt telt på land. Her lærte vi korleis Trollfjorden blei danna, nemleg av sverdet til eit troll!

Neste dag brakte med seg meir sol, og like lite vind, men god straum i havet gjorde at vi allikevel fekk heist seglet ei lita stund. Seint på kvelden kom vi til Litløy. Der såg vi ein imponerande solnedgang, laga god middag og to av elevane fekk prøve seg på å sove under open himmel.

Dag tre byrja med ei lita oppdagingsferd på øya, før vi drog vidare til Tind. Tind var tomt, men koseleg. Vi trivdes godt som dei einaste på staden. Denne natta sov nesten alle elevane under open himmel på brygga og fekk dermed også oppleve korleis det er å bli vekt av ein kvalp som vil leike!

Dag fire tok oss med til Nykvåg der to av elevane blei gifta vekk til lokale fiskarar. Uheldigvis, eller heldigvis alt etter som, var ikkje fiskarane til stade så alle segla vidare til Nyksund der vi la til for natta. I Nyksund fekk vi mykje oppmerksamd bland dei lokale. Vi blei også invitert på bålfest, noko vi elevar takka ja til. Her blei vi betre kjend med dei lokale innbyggjarane, og med nokre turistar som også hadde funne vegen ut til Nyksund.

Dag fem skya det til, og kapteinen bestemte derfor at vi skulle leggje tidleg til land. Vi la derfor til i ei lita båthamn i Maurnes. Her var nokon på fjelltur medan andre blei på båten for å lage middag. Til alle si store glede hadde båthamna ein dusj, noko som dei aller fleste benytta seg av.

Dag 6 var kald og våt, men dette stoppa ikkje oss frå å syngje og lese! Utanfor Sortland fekk vi også prøvd oss på nokre seglmanøvrar, deriblant ei kuvending. På kvelden blei veret betre, og vi la til med anker ved ein liten holme øvst i Raftsundet.

Dag 7 blei den siste dagen. Da segla vi til Digermulen. Der gjekk vi på land for å gå opp på Keiservarden før vi segla heim att til Kabelvåg.

Alt i alt hadde vi ein flott tur med mykje god mat, godt humør, song og mange gode minner!

































































































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar